Forskerforum: Påbod eller fritt val? Unge muslimske jenter sine grunngjevnader og refleksjonar rundt å bruke hijab eller ikkje

Arrangementsinformasjon:

A7 002, Universiteter i Agder, Kristiansand
11:30 - 12:30
03.06
Gratis

Mandag 03. juni arrangerer Senter for likestilling forskerforum med Bjørge Aardal. Bjørge fikk tildelt Senter for likestillings masterstipend høsten 2018 og vil under forskerforumet presentere sin masteroppgave med tittelen "Påbod eller fritt val? Unge muslimske jenter sine grunngjevnader og refleksjoner rundt å bruke hijab eller ikkje. Bjørge Aardal jobber som lærer og fullfører master i religion, filosofi og samfunn ved UiA våren 2019. Husk å meld deg på da det serveres en enkel lunsj før presentasjonen.

 

PROGRAM: 

  • 11:30 – Lunsj
  • 11:45 – Presentasjon av Bjørge Aardal
  • 12:15 – Dialog
  • 12:30 – Ferdig

 

SAMMENDRAG: 

Denne masteroppgåva går ut på kva grunngjevnader og refleksjonar unge muslimske jenter har for å bruke hijab eller ikkje. Gjennom djupneintervju av 15 ungdommar både med og utan hijab i alderen 13-19 år ved forskjellige skular i to landsdelar i Noreg, kjem oppgåva tett på kva tankar dei har rundt det islamske hovudplagget. I arbeidet med informantane sine utsegner danna det seg raskt eit mønster som kretsa rundt om jentene såg på hijab som eit religiøst påbod eller eit fritt val. Nettopp dette var grunnlaget for at delar av tittelen for denne oppgåva inneheld spørsmålsstillinga «Påbod eller fritt val?».

Som utgangspunkt for ein analyse av informantane sine grunngjevnader og refleksjonar rundt bruk av hijab eller ikkje, nytta eg to modellar deduktiv på datamaterialet. For det første Levi Geir Eidhamars «Rett - godt» typologi og for det andre Fatima Mernissis tre dimensjonar rundt hijab. I tillegg såg eg også etter andre særtrekk og mønster frå intervjua med ungdommane, noko som var ei induktiv tilnærming til materialet. Gjennom denne induktive vinklinga danna det seg raskt ei spenning blant dei unge muslimske jentene mellom hijab som eit religiøst påbod eller fritt val. Vidare blei denne spenninga mellom påbod og fritt val, grunnlaget for ein eigenutvikla typologi i denne oppgåva.

Særleg gjennom «Rett-godt» typologien kom dei mangesidige religiøse grunngjevnadene fram blant informantane. Nokre ungdommar hevda bruk av hijab både ville sikre eit liv etter døden og eit godt liv på jorda. På den andre sida var det andre jenter som meinte bruk av hijab ikkje hadde noko å seie for livet etter døden. Både unge med og utan hijab viste gjennom intervjua eit stort mangfald både i grunngjevnader og refleksjonar rundt hijab. Fatima Mernissis tre dimensjonar rundt hijab drog analysen av intervjua meir over på korleis dei unge oppfatta livet her og no med og utan sløret. Bruk av hijab signaliserer ofte å vere truande muslim for jentene og vidare at sløret forpliktar ved at dei må vise seg verdige hovudplagget og handle etisk rett. Dessutan kjem oppgåva inn på nokre samanhengar i hijabbruk blant dei unge når det gjaldt familie, heimlandet versus Noreg og religiøsitet. I tillegg fekk eg gjennom kjeldematerialet arbeidd ut «Påbod-fritt val» typologien som i hovudsak tok opp forholdet om dei unge ser på hijab som eit religiøst påbod og eigen bruk eller ikkje-bruk av sløret.

 

OM MASTERSTIPEND

Senter for likestilling deler ut tre stipend på 10 000 kroner til UiA-studenter som setter fokus på likestilling i sin masteroppgave. Det er et krav om at studentene som får tildelt stipendene presentere oppgaven sin på et av våre Forskerforum eller Likestillingsforum. Fristen for å søke på neste stipend er 01. oktober 2019. For mer informasjon klikk her.

 

 

Om Forskerforum

Senter for likestilling arrangere flere Forskerforum hvert halvår hvor inviterte forskere presenterer sin forskning. I disse forumene presenterer en eller flere forskeres deres forskning med påfølgende dialog mellom tilhørere og innleder. Formålet med Forskerforum er å skape en base for forskerne hvor de kan knytte kontakter, få tips til arbeidet, og selv gi tips til andre. Målgruppen er forskere, stipendiater og masterstudenter

Senter for likestilling
Besøksadresse:
Universitetsveien 25 H
Kristiansand
Universitetet i Agder
Fakturamottak
Postboks 383, Alnabru
0614 Oslo
Merkes med referansenr. 1710-55137
NB! Faktura skal IKKE utstedes til Senter for likestilling, men Universitetet i Agder slik som vist over.